I tilknyting til golfbana er det eit gamalt gardstun med restaurerte bygningar, mellom anna eit stabbur og eit eldhus som kan nyttast for spesielle samlingar. Husa gjev ein spesiell og intim atmosfære og passar godt til mindre lag og firma som vil gje gjestene sine noko spesielt. Det kan serverast mat laga på open eld etter urgamle tradisjonar. Dette er noko som ikkje kan beskrivast, det må berre opplevast!
Eide Stabburet matservering har skjenkeløyve for øl og vin.