I helga gjekk landsfinalen i Pink Cup av stabelen på Atlungstad Golfklubb ved Hamar. Dei klubbane som samlar inn mest pengar, enten totalt eller pr medlem kvalifiserer seg til finalespel. I år hadde Sandane Golfklubb eit fantastisk resultat på vår innsamlingsturnering i juni, der vi samla inn nærare 20.000 kroner. Dette gjorde at vi var ein av åtte klubbar som fekk delta på årets finale. Geir Magne Evebø, Eivind Evebø, Nils Egil Moritsgård og Oddbjørn Vee var dei heldige som kvalifiserte seg til finalen. Med fantastisk spel snusa dei på sigeren. Men det vart Sunnmøre Golfklubb som trakk det lengste strået. Vårt lag enda på ein flott 3. plass. Vi er stolte over innsatsen både på innsamlinga og dei sportslege resultata på Atlungstad!
Totalt samla golfklubbane i Norge inn meir enn 1,2 millionar kroner til brystkreftsaka