Alt låg til rette for at det skulle bli ein flott dag på golfbana vår. Sol, blå himmel, høg temperatur og mykje folk. 22 lag var påmeldt på turneringa, der alle inntektene går til kreftsaka. Det var stort engasjement både på tippekonkurransen og puttekonkurransen. Kiosken selde ut det meste av både kaker og vårrullar.
Bli med på Eit Slag Mot Kreft turneringa 2023
Søndag 11.juni frå kl 13.00 til 15.00, arrangerar Sandane Golfklubb, Eit Slag Mot Kreft.
Eit slag mot kreft er ei veldedighetsturnering for kreftsaka.
Sandane Golfklubb har bestemt, at vi ynskjer å gi vårt bidrag til:
• Forskning på kreft med spredning
Heile beløpet som vert samla inn denne dagen, vert gitt til Kreftforeningen.
Resultat frå 7.runde i Sommarturneringa
17 spelarar deltok på den 7.runda i Sommarturneringa. Dameklassa vart vunne av Aslaug Nesje Bjørlo, med 23p, foran Anita Helgheim, med 20p. Herreklassa vart vunne av Geir Magne Evebø, med 19p, foran Tore Støylen, med 19p.
7.runde i Sommarturneringa Onsdag 7.juni kl 18.00
Onsdag 7.juni er det 7.runde i Sommarturneringa. Link til påmelding og Order of merit ligg ved litt lenger nede.
Resultat 3 Dagars turnering
Den siste dagen av 3 Dagars turnering vart spelt i dag. Flott vær og mange gode scorar i dag også. Suverent best av alle i dag var Gunn Hoftuft, med 44p! 2.plassen gjekk til Jens Christian Andenæs, med 39p og 3.plassen gjekk til Tore Støylen, med 38p.
Resultat 3 Dagars turnering Lørdag
Det vart mange gode scorar i dagens turnering også. Gudmund Wie vart best i dag, med 20p. 2.plass gjekk til Tore Støylen og 3.plass gjekk til Gunn Hoftuft, begge med 20p.