Flott innslag om golfpensjonistane våre på Vestlandsrevyen i kveld!! Fekk du ikkje med deg innslaget kan du sjå det i reprise her.
Rustsvingen turnering laurdag 22.april kl 15.00
Laurdag 22.april kl 15.00, går den tradisjonsrike turneringa Rustsvingen av stabelen. For dei som ikkje har fått prøvd korleis svingen føles ut i år, er dette det rette tidspunktet! Dette er ei parturnering og speleforma er Texas Scramble/Beste ball. Bana er fantastisk for å være så tidleg på året, så puss støvet av bagen og ta turen inn på golfbana. Har du ingen å spele med, så fiksar vi det ved oppmøte.
Resultat frå turnering 16.april
For ein fantasisk dag på golfbana! Nydelig vær og flotte baneforhold. 31 spelarar gjekk turnering i dag. I 9 hol turneringa tok Trygve Bolset den tredje seieren i år, med 23p. 2.plassen gjekk til Rolf Øvrebø, med 20p og 3.plassen gjekk til Didrik Eide, med 20p. I 18 hol turneringa hadde vi både dame og herreklasse. I dameklassa stakk Kari-Ann Krogh av med seieren med 39p, foran Anita Helgheim med 33p og Anne Neteland Andenæs med 29p. Herreklassa vart vunne av Gudmund Wie med 39p, foran Jens Christian Andenæs med 32p og Jens Hilde med 32p.
Turnering Søndag 16.april kl 14.00
Søndag 16.april kl 14.00 er det klart for ny turnering. Du kan velge mellom 9 eller 18 hols turnering. Speleform er Stableford.
Resultat frå Påsketurnering
26 spelarar spelte turneringane i dag. Trygve Bolset stakk nok ein gang av med seieren i 18 hols turneringa foran Geir Magne Evebø og Nils-Egil Moritsgård. Nyfrid Eide vann 9 hols turneringa foran Anita Helgheim og Ole Jakob Helgheim.
Påsketurnering
Mandag 10.april kl 14.00, er det ny turnering. Du kan velge mellom 18 hol eller 9 hol. Turneringsform er slag med 100% hcp