I samsvar med virksomhetsplanen har ein begynt på arbeidet med å heve fairway på hol 9.
Snøkaos førte til improvisert golfkurs
I ettermiddag var det arrangert Vegen til golf. Med snø på bana og drivingrangen, kunne nok oppstarten av kurset vore utsett, men kursdeltakarane fikk gleda av å høyre styreleiar og kursansvarleg Harald Buene dosere om golfsporten, skotøy og golfkøller.
Flyby for kvart hol
No kan du sjå ein flyby på kvart hol på bana. Even Skeide brukte drone og VR-briller for å lage videoane, som syner kvart hol på Sandane golfklubb frå lufta. Han har også lagt inn banekartet på videoane, så du kan følgje det samtidig som du får sjå holet frå lufta.
Sesongopning for golfbana og drivingrangen
Sjølv om det er snø langt ned i fjella omkring golfbana, opnar vi golfbana og drivingrangen for våryre golfarar. På golfbana er det flotte forhold med jamne og nokså raske greenar, sidan graset ikkje har begynt å vekse endå.
Offisiell opning av klubbhuset til Sandane golfklubb
Fredag 25. september 2020 vert ståande som
ein merkedag i Sandane golfklubb si historie. Etter fleire tusen dugnadstimar kunne
styret endeleg ønskje velkomen til offisiell opning av klubbhuset.
Volvo Frydenbø-turneringa utsett til 14. juni
Volvo-Frydenbø turneringa er utsett til 14. juni kl. 15.00. Vi oppmodar alle til å støtte opp om denne tradisjonsrike turneringa. Påmelding i Golfbox. Turneringsformatet er stableford over 18 hol.