Torsdag 4. juni møtte ivrige ungdommar og vaksne til Vegen til golf (VTG) på Sandane. Etter å ha gjennomført teori på heimebane (e-læring), møttes gjengen for ein praktisk del på drivingrangen og ute på golfbana.
Innkalling til årsmøte
Det blir med dette innkalla til årsmøte på klubbhuset 6. mars kl. 19.00. Årsmøtepapira blir sendt ut på e-post seinast ei veke før årsmøtet. Vel møtt!
Oppdatert leaderboard for Matchplay 2018 – Nils Egil Moritsgård i leiinga
Her kjem oppdatert leaderboard per 19. juli. Leiar i turneringskomiteen Margunn Evebø, minner samtidig om at fristen nærmar seg og oppmodar dei som har fleire matcher igjen til å utnytte finværet.
Systemintegrering AS – ein ny hovudsponsor for golfklubben
Sandane golfklubb har inngått ein hovudsponsoravtale med Systemintegrering AS, som skal levere eit brukarvennleg og allsidig system for tilgangskontroll til det nye klubbhuset. Verksemda driv med sal og installasjon av styresystem og andre løysingar innanfor byggautomasjon.
Dugnad med steinplukking på øvingsområdet
Området mellom hol 9 og klubbhuse skal bli til nytt øvingsområde. Her blir det dugnad med steinplukking 29. mai frå kl. 18.00. Ta med steinrive, arbeidshanskar og arbeidslyst!
Matchplay 2018
Etter god respons dei siste åra, vert det matchplay også i år – og no er oppsettet for dei innleiande rundene klart. Dei 5 kampane i dei innleiande rundene er trekt og desse skal vere ferdigspelt innan 31. juli.