Laurdag 1.juli kl 16.00 er det BBQ-turnering 9 hol. Speleformat er Texas Scramble parturnering.
Kvart lag består av to eller fleire spelarar (vi opnar for 3-mannslag ved oddetal i startlista). Alle spelarar slår kvar sin ball frå utslagsstedet. Deretter velger laget den best plasserte ballen. Øvrige ballar plukkast opp. Deretter plasserar spelarane i valgfri rekkefølgje, nærmast mulig den best plasserte ballen og slår sine slag. Kvar av spelarane på laget skal ha min. 3 telljande utslag. Hcp til eit 2-mannslag er 25 prosent av sammenlagt spelehandicap, eit 3-mannslag 10 prosent av sammenlagt spelehandicap.
Vi hjelper til med å finne spelepartnar, for dei som ikkje har dette.
Etter turneringa lagar vi til grillkveld med premieutdeling. Her vert det servert grillmat til kr 150,- pr person. Drikke til maten tek ein med sjølve. Påmelding til kvelden gjer ein ved å betale i Vipps på forhånd. Dette ligg i Vippsmenyen til Sandane Golfklubb.