Søndag kl 14.00 er det ny turnering. Værmeldingane ser bra ut, så alt er duka for nok ein flott dag på golfbana. Turneringsformat er ei Texas scamble over 18 hol, der man går dei første 9 hola frå gul tee og dei siste 9 hola frå raud tee. (Damer går alle frå raud tee)
Scramblereglar:
Kvart lag består av to eller fleire spelarar (vi opnar opp for 3-mannslag ved oddetal i startlista). Alle spelarar slår kvar sin ball frå utslagsstedet. Deretter velg laget den best plasserte ballen. Øvrige ballar plukkast opp. Deretter droppar spelarane i valgfri rekkefølgje innan ei køllelengde frå den best plasserte ballen og slår sine slag. På greenen plasserast ballene på samme punkt som valgte ball og i bunker gjennskapast ballens leie. Så snart nokon i laget har hola ut, noterast scoren og laget fortset til neste hol. Kvar av spelarane på laget skal ha min. 3 telljande utslag pr runde. Hcp til eit 2-mannslag er 25 prosent av sammenlagt spelehandicap.
Velkommen!