Søndag 11.juni frå kl 13.00 til 15.00, arrangerar Sandane Golfklubb, Eit Slag Mot Kreft.
Eit slag mot kreft er ei veldedighetsturnering for kreftsaka.
Sandane Golfklubb har bestemt, at vi ynskjer å gi vårt bidrag til:
• Forskning på kreft med spredning
Heile beløpet som vert samla inn denne dagen, vert gitt til Kreftforeningen.
Aktivitetar kl 13.00 – 15.00
- Kafe
- Tippekonkurranse
- Puttekonkurranse
Turnering startar kl 15.00
- Parturnering med innlagde delkonkurransar – lengste utslag på hol 6 og nærmaste holet på hol 8
- Turneringa er åpen for alle. Dette er ei turnering som passar for alle, både nye og etablerte golfarar. Vil du være med, kan du gi beskjed når du kjem på bana. Vi finn nokon du kan gå i lag med.
- Pris turnering er kr 200,-
- Valgfritt å kjøpe seg opp på bakketoppen hol 5 kr 50,-
- Valgfritt å kjøpe seg ut av bunker kr 25,-
- Valgfritt å kjøpe seg ut av straffeområde kr 25,-
- Valgfritt å kjøpe seg ut av straff for out of bounds kr 50,-
Sandane Golfklubb håpar at mange tek turen inn på golfbana vår på søndag:)
Velkommen til årets viktigaste arrangement!

