• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Resultat

Resultat frå Nattgolf

Publisert 24. september 2022 av Martin Hamre

Fredagskvelden, midt i gullrekka på NRK, gjennomførte vi nattgolf, med 22 spelarar. Lysande ballar, lys på flaggstanga og i koppen, var alt som skulle vise vei for dei oppmøtte. Dette vart ei spennande turneringsform, som gav dei aller fleste ekstra utfordringar. Mads Wie takla utfordringane og vann turneringa med 19 poeng, framfor Nils-Egil Moritsgård, med 16 poeng. Gratulerer!

Resultat frå Eide Bottoms Up!

Publisert 18. september 2022 av Martin Hamre

Eide Bottoms Up! markerar slutten på turneringsesongen i Sandane Golfklubb. 29 spelarar spelte turneringa i litt skiftande vær, men likevel vart det mange gode og jamne scorar. 4 par hadde 22 poeng, men Karl Erik Utheim og Kjell Martin Nyheim tok seieren, på lavast spelehandicap. Etter turneringa vart det ei kjekk samling på klubbhuset, med premieutdeling og pizza. Gratulerer til vinnarane!

Resultat frå turnering 11.sept.

Publisert 11. september 2022 av Martin Hamre

14 spelarar spelte dagens turnering. Anita Helgheim vann 9 hols turneringa med 20p, 2 over par, foran Aslaug Nesje Bjørlo med 17p, 1 under par. 18 hol vart vunne av Kari-Ann Krogh med fantastiske 41p, 5 over par, foran Nils-Egil Moritsgård, med 35p, 1 under par. Gratulerer!

Resultat 10.runde i Sommarturneringa

Publisert 7. september 2022 av Martin Hamre

Då var vi ferdige med Sommarturneringane for i år. Etter mange onsdagar med til dels mykje regn og vatn, kunne vi avslutte i eit fantastisk sommarvær. I dameklassa vann Nyfrid Eide med 25 slag, foran Kari-Ann Krogh, med 27 slag. Nyfrid vann dermed dameklassa samanlagt. I herreklassa vann Finn Kristian Elvebakk med 28 slag, foran Kjell Baadstø, med 29 slag. Finn Kristian hadde vunne samanlagt før siste runde, og stadfesta seieren i dag:)

Resultat 9.runde i Sommarturneringa

Publisert 31. august 2022 av Martin Hamre

I eit flott vær og på ei like flott bane, stilte 25 spelarar til start, i dagens Sommarturnering. I dameklassa vann Anne Neteland Andenæs, med 32 slag. 2.plassen gjekk til Anita Helgheim, med 32 slag. I herreklassa vann Martin Andenes, med 28 slag. 2.plassen tok Kjell Baadstø, med 30 slag. Gratulerer!

Resultat Flaggturnering

Publisert 28. august 2022 av Martin Hamre

19 spelarar spelte Flaggturnering i dag. Det vart mange gode resultat. 3 spelarar klarte å runde 18 hol. På 3.plass kom Per Einar Andenæs, med 191m frå hol 19. 2.plassen gjekk til Geir Magne Evebø, med 136m frå hol 19. 1.plassen og suveren vinnar vart Arvid Jordanger, med 17m til hol 19. Gratulerer!

  • Go to page 1
  • Go to page 2
  • Go to page 3
  • Interim pages omitted …
  • Go to page 5
  • Neste side »

Primary Sidebar





Logo Systemintegrering AS



Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS