Laurdag 8.juli møtte vi Nordfjord golfklubb til venneturneringa, Fjordacup. Det vart litt vanskeleg for Nordfjord, å stille med nok folk midt i ferietida, så vi reduserte til 6 mannslag. 9 hol Fourball og 9 hol Texas Scramble sto som turneringsformat. Bana vår er veldig bra no og med værgudane på vår side, vart det ein fantastisk dag. Det vart ganske så jamne resultat i matchane. Totalt viser resultatet at Sandane leiar med 1 poeng, før vi skal møtast på Eid, i slutten av august for 2.runde. Dette gledar vi oss til!
Resultat
Resultat frå 1.runde i Sommarturnering 2
Då er vi i gang med den andre sommarturneringa i år! Fantastisk bane, fantastisk vær og ikkje minst fantastisk oppmøte! 34 spelarar! Dameklassen vart vunne av Kittaporn Hilde, med -1 slag. Andreplassen gjekk til Nyfrid Eide, med -1 slag. Gunn Hoftuft fekk tredjeplassen, med +1 slag. Herreklassen vart vunne av Jørn Lothe, med -2 slag. Andreplassen gjekk til Artid Doksungnern, med -2 slag. Tredjeplassen gjekk til Karl Erik Utheim, med -1 slag.
Resultat frå BBQ turnering 1.juli
17 lag deltok på BBQ turneringa på lørdag. Speleform var Texas Scrable og her vart det mange gode scorar! 12 av laga hadde over 19 poeng.
Resultat frå 10.runde i Sommarturneringa
32 spelarar deltok på den siste runda i Sommarturnering 1 i dag. Mange spelarar fekk registrert veldig gode scorar. Dameklassa vart vunne av Anita Helgheim, med 25p. Andreplassen gjekk til Kittaporn Hilde, med 23p og på tredjeplass kom Nyfrid Eide, med 18p. Herreklassa vart vunne av Kjell Baadstø, med 27p! Andreplassen gjekk til Matthew Brown, med 25p og tredjeplassen gjekk til Finn Kristian Elvebakk, med 23p.
Resultat 9.runde i Sommarturneringa
31 spelarar deltok på den nest siste runda i Sommarturnering 1. Juniorklassa vart vunne av Håkon Bøe, med 16p. Andreplassen gjekk til Markus Utheim, med 15p. Dameklassa vart vunne av Anita Helgheim, med 23p. Andreplassen gjekk til Kittaporn Hilde, med 19p og Kari-Ann Krogh tok tredjeplassen, med 17p. I herreklassa vann Håvard Lothe, med 26p. Kjell Baadstø tok andreplassen, med 24p og Jo Inge Solberg fekk tredjeplassen, med 22p.
Resultat Volvo/Frydenbø turnering 18.juni
31 spelarar deltok på turneringane i dag. Det var sol, god varme og ei fantastisk flott bane å spele på. Frydenbø sponsa premiane i begge turneringane, som var Titleist PRO V1 ballar til dei tre beste. Dei stilte også ut 6 bilar, som spelarane og frammøtte kunne få prøvekøyre under og etter turneringa.