Flott innslag om golfpensjonistane våre på Vestlandsrevyen i kveld!! Fekk du ikkje med deg innslaget kan du sjå det i reprise her.
Sandane golfklubb
Demonstrasjon av drivarar
Harald er på veg nordover igjen og tar med seg demodrivarar frå TayorMade, Ping, Cobra og Callaway frå Onlinegolf.no. Han vil legge opp til at du kan få prøve ein eller flere av disse drivarane på simulatoren vår.
Nytt kurs i Veien til Golf
Vi startar opp nytt Veien til golf kurs 8. april. Oppmøte ved klubbhuset kl 18. Litt avhengig av vêr prøvar vi å få til 3 timar, før vi saman finn ein dato som passar til neste kursdag.
Årsmøte onsdag 16. mars
Førstkomande onsdag er det årsmøte i Sandane Golfklubb kl 19.00 på klubbhuset. Alle medlemmar skal ha mottatt e-post med saksliste, årsmelding og andre viktige dokument, men vi legg dei ut her også.
Flyby for kvart hol
No kan du sjå ein flyby på kvart hol på bana. Even Skeide brukte drone og VR-briller for å lage videoane, som syner kvart hol på Sandane golfklubb frå lufta. Han har også lagt inn banekartet på videoane, så du kan følgje det samtidig som du får sjå holet frå lufta.
Sesongopning for golfbana og drivingrangen
Sjølv om det er snø langt ned i fjella omkring golfbana, opnar vi golfbana og drivingrangen for våryre golfarar. På golfbana er det flotte forhold med jamne og nokså raske greenar, sidan graset ikkje har begynt å vekse endå.