Vi feirar arbeidarane sin internasjonale kampdag med turnering kl 15. Du kan velje sjølv om du vil gå 9 eller 18 hol og turneringsforma er stableford. Det vert open kiosk med sal av vafler eller pølser denne dagen. Velkomne!
Sandane golfklubb
Golfkurs for nybegynnarar
Systemintegrering AS – ein ny hovudsponsor for golfklubben
Sandane golfklubb har inngått ein hovudsponsoravtale med Systemintegrering AS, som skal levere eit brukarvennleg og allsidig system for tilgangskontroll til det nye klubbhuset. Verksemda driv med sal og installasjon av styresystem og andre løysingar innanfor byggautomasjon.
Rekordstor innsamling under Pink Cup
21. mai vart det arrangert Pink Cup på Sandane. Pink Cup er eit samarbeid mellom Kreftforeningen, norske golfklubbar og Norges golfforbund (NGF), der inntektene frå turneringa og andre aktivitetar er øyremerka brystkreftsaka.
Ny nettside
Sandane golfklubb har fått ny nettside. Den nye nettsida er basert på WordPress, som ei av verdas mest populære publiseringssystem (CMS) med over 60 millionar nettsider. WordPress er kjent for å vere eit svært brukarvennleg publiseringssystem. Det blir tatt godt i mot av fleire av styremedlemmane, som opplevde det forrige publiseringssystemet som svært tungvint.
Ny logo til golfklubben
Golfklubben har fått ny logo. Den nye logoen er designa av Bjørnar Aske i Innholdspartner AS.