Sjølv om det går fint å spele ute ei stund til, går utandørs-sesongen mot slutten. Då er det godt å tenkje på, at vi har to golfsimulatorar innandørs, som vi kan spele vidare på!
Turnering
Nattgolf fredag 29.sept kl 21.00
Nattgolfturneringa er ei turnering der vi spelar vi mørket, med lysande ballar. Ei utruleg kjekk turnering, som blir ei slags ekstra avslutting av utesesongen.
Eide Bottoms Up!
Lørdag 23.sept kl 15.00 er det Eide Bottoms Up!
Turnering søndag 10.september kl 14.00
Søndag 10.september kl 14.00, er det ny turnering. Speleform er Stabelford 100% hcp. Du kan velge mellom 9 eller 18 hol.
Resultat frå 10.runde i Sommarturneringa
18 spelarar deltok på den siste runda i Sommarturnering 2 i dag. Dorthea Unnachat Evebø vann Juniorklassa, med 41 slag. Dameklassa vart vunne av Supannee Støylen, med 31 slag. Andreplassen gjekk til Anne Neteland Andenæs, med 40 slag og Anita Helgheim fekk tredjeplassen, med 41 slag. Herreklassa vart vunne av Bjørnar Aske, med 30 slag. Andreplassen gjekk til Gudmund Åge Wie, med 30 slag og Oddbjørn Vee tok tredjeplassen, med 31 slag.
10.runde i Sommarturneringa, Onsdag 6.september kl 18.00
Onsdag 6.september kl 18.00, er det den aller siste runda i Sommarturnering 2. I nokre av klassane, er det fortsatt, sjanse for å både vinne og å komme langt opp på lista!