Klubbmeisterskapen i år vart spelt laurdag 29.08 og 32 spelarar deltok fordelt på junior, dame, herre og senior. Været og baneforholda var fine.
Juniorklassa vart vunnen av Albert Unnachat Evebø med 96 slag og i dameklassa vann Kittaporn Hilde med 88 slag, Supannee Støylen tok andreplassen med 89 slag og Sølvi Utheim vart nummer tre med 96 slag.
I herreklassa vart det suveren seier til Karl Erik Utheim som verkeleg hadde prikka inn formen og gjekk på 65 slag. Dette er beste score nokon gong i klubbmeisterskap. Andreplassen gjekk til Jens Christian Andenæs som hadde 74 slag, tredjeplassen gjekk til Bjørnar Aske med 75 slag.
Seniorklasse vart i år vunnen av Oddbjørn Vee med 75 slag. 2. plassen gjekk til Harald Buene med 77 slag og 3. plassen fekk Gudmund Åge Wie med 79 slag. Fullstendig resultatliste finn de i golfbox.