• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Eivind Evebø og Sølvi Utheim vann klubbmesterskapet

Publisert 21. august 2021 av Bjørnar Aske

Klubbmesterskapet er årets mest prestisjefulle turnering. Det er dagen ein skal kåre kven som faktisk er best på slag. I år var det fleire håpefulle påmeldt enn nokon gong. Eivind Evebø vann herreklassa suverent, etter at Karl Erik Utheim har kunne tatt med seg pokalen heim dei siste åra. Men med sedvanleg seier i dameklassa sikra Sølvi Utheim at det kom ein pokal i hus likevel.

Dei som var ferdig samla seg ved klubbhuset.

Etter kvart som folk var ferdig, samla dei seg i klubbhuset og venta på dei siste. Oddbjørn Vee trivast som kjent godt med publikum. Han sette ein lang birdieputt på hol 18 til jubel frå publikum ved klubbhuset. Deretter vart det litt venting, før publikum kunne ønskje vinnaren på siste flight velkomen.

Kjell Nyheim på hol 18.

Kjell Nyheim takla presset frå publikum og chippa ballen rett i koppen til birdie og jubel frå publikumet ved klubbhuset. Kjell Nyheim tok dermed 2. plassen 1 slag foran Jens Christian Andenæs på henholdsvis 67 (+5) og 68 (+6) slag.

Men trass god avslutning, var ingen nær å kunne utfordre Eivind Evebø som utklassa resten av startfeltet. Eivind avslutta med to birdie og gikk dermed på 61 slag totalt, eit slag under par.

Karl Erik Utheim, Kjell Nyheim, klubbmester Eivind Evebø og Jens Christian Andenæs.

Sølvi Utheim vann dameklassa med 81 slag (+19), 4 slag foran Kittaporn Hilde og Margunn Evebø som sette ny pers med 85 slag (+23). Supanne Støylen kom rett bak med 86 slag (+24).

Jakob Buene vann juniorklassa på 73 slag (+11) også i år. Simon Austrheim og Markus Utheim kom på henholdsvis andre og tredjeplass i juniorklassa med 87 og 89 slag.

Sølvi Utheim vann dameklassa, Eivind Evebø vann herreklassa, Jakob Buene vann juniorklassa, Kjell Nyheim vann senior herreklassa og Margunn Evebø vann senior dameklassa.

Totalt var det 43 deltakarar med i dag. Det er suverent ny rekord!

Primary Sidebar

Logo Systemintegrering AS







Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS