I morgon kan vi ynskje Nordfjord Golfklubb hjarteleg velkomen til oss. Då avviklar vi 2.runde i Fjordacupen, på Sandane si golfbane, frå kl 12.00 og utover. Denne gangen er det 9 hol med Texas Scramble parturnering og 9 hol singelmatchar som står på programmet. 8 spelarar frå kvar klubb stiller til start og totalt 12 poeng skal delast ut. Nordfjord GK leiar etter 1.runde med 1 poeng. Nordfjord GK er også tittelforsvarar frå 2021.
Det vert kiosk i klubbhuset, så du er hjarteleg velkomen, til å komme for både å heie og å kjøpe deg noko å bite i:)