8.mai 2023, vart Gimmie, den nye offisielle appen for norske golfare og golfklubbar lansert. Appen er utvikla av GLFR i samarbeid med GolfBox og NGF.
Gimmie samlar alle tjenestane golfarane treng på ein stad.
Med Gimmie vil du kunne bestille starttid, levere scorekort og få justert handicap gjennom tilgang til GolfBox. I tillegg kan du velge baner, få baneguidar med GPS-tracking og føre digitalt scorekort underveis på runda, legge til golfvennar, samt motta nyheiter og innhald fra redaksjonen i Norsk Golf og dei klubbane du ynskjer å følgje.
Gimmie er også klubbane sin app. Sandane golfklubb kan legge inn nyttig informasjon, samt sende nyheiter og banestatus med varsling på telefonen til dei, som følgjer klubben. Sandane har oppdaterte banekart, med riktig flaggplassering og GPS-tracking.
Gimmie er tilgjengelig i AppStore og Google Play. Du finn appen ved å søke på «Gimmie».