Torsdag 4. juni møtte ivrige ungdommar og vaksne til Vegen til golf (VTG) på Sandane. Etter å ha gjennomført teori på heimebane (e-læring), møttes gjengen for ein praktisk del på drivingrangen og ute på golfbana.

Med god instruksjon frå Harald Buene og medhjelpar Jakob fekk alle deltakarane oppleve flotte ballbaner og breie smil. Ein kjempekveld med mykje gode læring og fine forhold på bana.

Vegen til golf (VTG) skal vere enkel og kort og vi håpar derfor fleire ønskjer og delta på slike kurs framover. Meld gjerne di interesse for å delta neste gong!
sdr