Vi startar med påmelding til Grendacupen 2024. Vi håpar at fjorårets kapteinar trommar saman sine lag og framsnakkar turneringa, slik at fleire lag melder seg på i år:)
Litt om turneringa:
4-mannslag, mulighet for 1 reserve. Alle lag skal ha 1 «kaptein» som tar ansvar for å avtale match og innrapportering av resultat.
Påmelding 400,- pr lag
Skal i hovudsak følge dei gamle grendagrensene, men viss det vert vanskelig gir vi disp.
Laga skal godkjennast av turneringskomiteen.
3 matchar pr lag i innleiande runde, som dannar ei resultatliste før avsluttande cupspel. Antall lag i cupspelet og antall cupmatchar vert avgjort av turneringskomiteen, når vi ser kor mange lag som deltek.
Spelefristar: Innleiande runde oppstart ca 5.mai og ferdig ca 30.juni. Cupspel oppstart ca 14.juli og ferdig ca 25.august.
Speleform er matchplay – Texas scramble/Best ball
2 flightar – Flight 1: Lag1 sp1/sp2 mot Lag2 sp1/sp2. Flight 2: Lag 1 sp3/sp4 mot Lag2 sp3/sp4
Seier gir 1p, uavgjort 0,5, tap 0 (dvs vinn Lag1 begge matchane får dei 2p)
I første omgang treng vi tilbakemelding på: Lagmedlemmer og kven som stiller som Kaptein.
Frist for påmelding er 28.april
Send epost til post@sandanegolf.no