Registrering av Hole in One (HiO) på Sandane golfklubb si bane.
Hole in One er definert som det fyrste slaget, som ein spelar slår, frå eit ordinært utslagssted til ein ordinær puttinggreen og som går i holet. Brutto score på holet skal være 1, i henhold til golfreglane.
Spelar er sjølv ansvarleg for at HiO vert registrert inn til Sandane golfklubb. Sandane Golfklubb rapporterar vidare til NGF, i tillegg legg vi det inn på vår heimeside.
For at ein HiO skal bli registrert på Norges Golfforbund si offisielle liste, må:
- HiO oppnåast på ei sloperatet bane i Norge under ei fastsatt runde.
- Hola skal spelast i riktig rekkefølgje og i henhold til golfreglane med start på hull 1, evt. hol 10, eller etter turneringskomiteens bestemmelse.
- 9 hols eller 18 hols runde.
- HiO bekreftast av markør, annan spelar eller annan person, som har sett slaget og skal godkjennast av klubben.
- Spelar sender scorekort med underskrift av markør til post@sandanegolf.no
- Spelar skal oppgi dato for oppnådd HiO, holnummer, brukt kølle, hcp, heimeklubb, telefonnummer og epostadresse.
- Spelar godkjenner med dette at NGF og Sandane Golfklubb, kan publisere oppnådd HiO, på sine heimesider.
Eventuelle feil eller manglar kan rapporterast til post@sandanegolf.no
Link til registrerte Hole in One – Sandane Golfklubb