Søndag 7.august vert turneringa International Pairs arrangert på Sandane. Dette er ei parturnering. Speleform er Fourball, Bestball Stableford. Begge spelarane spelar i koppen og beste score er teljande. Alle medlemmer kan delta, men alle som har klubbhcp over 36, vert justert til 36 i hcp. Turneringa vert i tillegg spelt med 3/4 hcp. Pga av at det vert arrangert verdensfinale, må ein av lagmedlemmane være over 18 år.
Vinnarlaget får delta i landsfinalen på Miklagard Golfbane 10.09.22. Er desse forhindra, eller ikkje vil reise, får 2.plass delta osv. Ein av betingelsane for å få delta i norgesfinalen, er at vi har minimum 12 deltakande lag med i klubbkvalifiseringa. Vinnar av landsfinalen går vidare til verdensfinalen i Spania.
Dei 3 beste laga i klubbkvalifiseringa vert premiert.
Premiar til alle deltakarar (trekkast):
Det vil i tillegg til premiar til de tre beste laga trekkast premiar blant alle påmeldte deltakarar. Dette for at alle skal kunne “vinne” ein premie i årets kvalifisering.
•Greenfeebillettar til samarbeidande baner
•Hotelovernatting på Lily CountryClub
•Pique skjorter fra Lindeberg og Callaway
•Golfreise med vår hovudsponsor NextHole Travel
•Golfutstyr fra Callaway
Premiane blir trukket i samband med landsfinalen 2022 og meddelt vinnerpara pr. mail/telefon i etterkant av finalen.
Ikkje nok med det:-) Alle som klarar Hole in One under kvalifiseringa, vil få eit reisegåvekort på 5000,- frå NextHole Travel.
Turneringskomiteen håpar på god deltaking.
Velkomen!