Sandane Golfklubb hadde to treningssamlingar for ungdommar i vår. Dette vart veldig godt mottatt og no ynskjer vi å tilby to nye treningsøkter.
Klubben kan difor tilby alle ungdommane våre, mellom 13 år og 22 år, to gratis treningsøkter med Harald Buene, fredag 06.09 frå kl 17.00 til 19.00 og laurdag 07.09 frå kl 13.00 til 15.00. Øktene vil vare i ca 2 timar. Ved stor påmelding vert det delt opp i fleire økter.
For at treningane skal bli tilpassa deltakarane, ber vi om bindande påmelding til post@sandanegolf.no innan torsdag 05.09 kl 18.00
PRO-timar
Harald Buene gir golf instruksjon på fredag 6.september og laurdag 7.september. Du bestemmer sjølv kva du ynskjer han skal sjå på. Vi håpar mange vil benytte seg av denne moglegheiten til å få litt kyndig instruksjon.
Prisar:
25 min 350,-
50 min 550,-
50 min 650,- to eller flere deltakere
Påmelding direkte til Harald på tlf 993 84 085