Laurdag 24. august er vi klare for årets høgdepunkt i Sandane Golfklubb. Kl 14 skal vi i gang med konkurransen om å bli klubbmeister i klassane, herrar, damer, junior og senior. Vi vil også i år premiere beste stablefordscore.
Frå kl 20 blir det meir eller mindre høgtidleg feiring av fullført klubbmeisterskap med premiering av vinnarane. Banketten blir også i år på simulatorrommet i sentrum. Om det er ønskje om det bestiller vi inn pizza. Vi håpar mange tek seg tid til å vere med også her.
Litt praktisk informasjon om årets klubbmeisterskap:
Turneringsstart er som sagt kl 14. Vi ber om at alle melder seg på innan kl 18 fredag kveld. Alle skal starte på hol 1 og difor ønskjer vi å oppfentleggjere starttid fredag kveld.
Vi veit at det er nokon som av ulike grunnar har behov for å gå ut tidleg eller seint. Vi ber dei dette gjeld om å skrive det i påmeldinga, så tek vi sjølvsagt omsyn til dette. Det er meldt sommarlege temperaturar med godt golfvær. Bana er i flott stand, sjølv om det har vore mykje nedbør siste dagane. Greenane er på sitt beste no, så her kan det bli mange gode scorar.
Vel møtt!