Årets klubbmeisterskap vart spelt laurdag 24.08 og 26 spelarar deltok fordelt på junor, dame, herre og senior. Været var litt variabelt men baneforholda var fine.
Juniorklassa vart vunnen av Jakob Buene med 84 slag og i dameklassa vann Sølvi Utheim med ny damerekord på 79 slag.
I herreklassa vart det veldig jamt men Karl Erik Utheim vann også i år. Han brukte 68 slag, og vann med knappast mogeleg margin berre eit slag framfor Jens Christian Andenæs som hadde 69 slag, tredjeplassen gjekk til Harald Buene med 73 slag.
Seniorklasse vart i år som i fjord vunnen av Kjell Arne Jakobsen med 73 slag. 2. plassen gjekk til Oddbjørn Vee med 79 slag og 3. plassen fekk Gudmnund Åge Wie med 81 slag. Fullstendig resultatliste finn de i golfbox.
Vi gratulerer vinnarane.