Det nærmar seg ny sesong. Alle vi som var med til Atlungstad i fjor, var vel einige i at dette var ein kjempesuksess. Så vi prøvar igjen i år. I år vert det 5-7. juni. I år som i fjor har vi huset på Fjetre Gard med sine 12 sengeplassar.

Nytt av året er at vi i tillegg har bestillt det nyoppussa huset like ved klubbhuset på golfbana. Der er det og 12 overnattingsplassar. Altso har vi 24 sengeplassar i gangavstand frå første tee! Pris for overnatting er ikkje 100% avklart enno, men det vert 5-600 pr person pr natt.
Har fått til en avtale med golfklubben om greenfee på 400kr pr dag, uavhengig av om ein vil spele 1 eller 2 runder. Dette er ein kjempepris! Vanleg pris 550 pr runde i helg.
For at vi ikkje skal kome i fare for å ha overbooka overnattingsplassar, håpar eg at de som allereie no trur de vil være med på dette kan gi beskjed snart. Ingen bindande påmelding før ut på våren. Førstemann til mølla både på å få plass blandt dei 24, men og på valg om de vil bu på Fjetre eller på golfbana.
Det er naturlegvis berre flott om vi blir meir enn 24. Mange greie overnattingstader i Hamar knappe 15 minutt frå bana.
Gi beskjed til Ola Steinar på Facebook eller post@sandanegolf.no