• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
    • NordVest Tour
    • Pink Cup
    • Matchplay
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Klubbtur til Atlungstad golfklubb på Hamar 30.05 – 02.06.2019

Publisert 4. juni 2019 av Margunn Evebø

Gruppebilde før 2. dag av turneringa

 

Vi har snakka lenge om ein tur til Atlungstad Golfklubb på Hamar og endeleg vart det ein realitet. Vi innkvarterte oss på Fjetre Gård som ligg få minutt frå golfbana. Ein perfekt plass for golf og sosialt samvær. Dei fleste reste allereie torsdag og mange rakk ei runde golf på ettermiddagen sjølv om været ikkje var det beste.

Andre med Kjellen i spissen sytte for at det vart middag å få når dei var ferdige på bana.

Fredag vakna vi til sol og fint ver og for nokre av oss var det nok å lade opp til første del av 2 dagars turneringa, medan andre starta tidleg og gjekk ei runde på føremiddagen og. Dagen vart avslutta med felles middag på Fjetre Gård, og etter å ha studert vermeldingane så flytta vi 2. dag av turneringa frå kl 09.00 til kl 15.00 laurdag og traff perfekt med veret. Etter at Kjell hadde køpt seg ny paraply slutta det å regne før han rakk å slå den opp og vi hadde fint vere heile runda. Ei flott og kjekk bane å spele.

Ei stor takk til Ola Steinar og assistent Oddbjørn for eit supert opplegg. Dette var så vellykka at vi har tinga både Fjetre Gård og eit hus ved Klubbhuset ved golfbana første helga i juni 2020 til ny tur. Så det er berre å hake av i kalendaren allereie no.

Her er fleire bilder frå turen:

Fjetre Gård

Frå bana

Hol 18

Oddy og Geir Magne

Anita

 

 

Primary Sidebar






Logo Systemintegrering AS


Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS