• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Lansering av ny app for Golf-Norge

Publisert 10. mai 2023 av Martin Hamre

8.mai vart Gimmie, den nye offisielle appen for norske golfare og golfklubbar, lansert. Appen er utvikla av GLFR i samarbeid med GolfBox og NGF. 

Gimmie samlar tjenestane golfarane treng på ein stad. Golfarane får full tilgang til GolfBox, digitalt scorekort, nyheiter og informasjon – og etter kvart baneguide med GPS.

Gimmie er også klubbane sin app. Sandane golfklubb kan legge inn nyttig informasjon, samt sende nyheiter og oppdatere banestatus med varsling på telefonen til dei som følgjer klubben.

På sikt vil Gimmie erstatte GolfBox-appen, men GolfBox på nett kan brukast slik som før. GolfBox vil fortsette som hovedsystemet for golf i Norge – det er ingen endring på dette.

Gimmie vil være tilgjengelig i AppStore og Google Play. Du finn appen ved å søke på «Gimmie».

Med Gimmie vil du kunne bestille starttid, levere scorekort og få justert handicap gjennom tilgang til GolfBox. I tillegg kan du velge bane, legge til vennar og føre score underveis på runda, samt motta nyheiter og innhald fra redaksjonen i Norsk Golf og dei klubbane du ynskjer å følgje. I løpet av sommaren kjem også baneguide med GPS-tracking.

Meir info om Gimmie HER

Primary Sidebar




Logo Systemintegrering AS




Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS