• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
Ny logo til golfklubben

Ny logo til golfklubben

Publisert 4. mai 2018 av Bjørnar Aske

Golfklubben har fått ny logo. Den nye logoen er designa av Bjørnar Aske i Innholdspartner AS.

Eidsfossen like ved golfbana gjev eit mektig inntrykk. Det blå i logoen er meint å symbolisere Eidsfossen og Gloppenelva, som omkransar golfbana. Samtidig dannar det blå og grøne i logoen ein S for «Sandane». Frå det grøne som symboliserer ein green, kan du sjå ei flaggstong som er inkorporert ved hjelp av negativt rom. På toppen av denne ser vi eit raudt flagg som vaiar i vinden.

Tekstane «Sandane» og «golfklubb» dannar ei sirkulær ramme rundt logosymbolet. Tala «19» og «99» på kvar si side av logosymbolet, viser til at Sandane golfklubb vart stifta i 1999. Fargepaletten i logoen gjer at den fungerer like godt på mørk som på lys bakgrunn. Vi håpar du likar den nye logoen vår!

Primary Sidebar



Logo Systemintegrering AS





Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS