• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
    • NordVest Tour
    • Pink Cup
    • Matchplay
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
Ny nettside

Ny nettside

Publisert 23. mai 2018 av Sølvi Utheim

Sandane golfklubb har fått ny nettside. Den nye nettsida er basert på WordPress, som ei av verdas mest populære publiseringssystem (CMS) med over 60 millionar nettsider. WordPress er kjent for å vere eit svært brukarvennleg publiseringssystem. Det blir tatt godt i mot av fleire av styremedlemmane, som opplevde det forrige publiseringssystemet som svært tungvint.

– Om du har brukt Microsoft Word eller tilsvarande program, kan du enkelt kan oppdatere nettsida. Du treng ikkje å kunne nokon programmeringsspråk, fortel Bjørnar Aske i Innholdspartner AS som har designa og utvikla nettsida for Sandane golfklubb.

Alle nettsider Innholdspartner leverer har responsive web-design (RWD). Det inneberer at nettsida automatisk tilpassar seg skjermen til dei besøkande på nettsida. Det gjer at besøkande får ei optimal brukaroppleving, uavhengig av om dei brukar ein smarttelefon, eit nettbrett eller desktop. Og med smart mellomlagring og eit godt web-hotell, kan Innholdspartner garantere ei av dei beste løysingane på marknaden med tanke på oppetid og responstid. Du kan lese meir om denne WordPress-løysinga her.

Framover vil fleire få opplæring i å bruke dette publiseringssystemet. Samtidig håpar vi at fleire medlemmar vil bidra med bilder, videoar og anna innhald. – Ein måte å få såkalla brukargenerert innhald på, er å legge inn ein Instagram-feed på nettsida. Dette er viktig for å få ei levande side, seier Bjørnar som gjerne tar i mot forslag eller ønskjer i forhold til nettsida.

Om ser noko informasjon som er feil eller kjem over funksjonalitet eller lenker som ikkje fungerer, sett vi pris på om du kan gje beskjed om dette på e-post til bjornar.aske@innholdspartner.no eller ein SMS til +47 901 37 252.

Vi håpar du likar den nye nettsida!

Primary Sidebar

Logo Systemintegrering AS







Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS