• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
Offisiell opning av klubbhuset til Sandane golfklubb

Offisiell opning av klubbhuset til Sandane golfklubb

Publisert 25. september 2020 av Bjørnar Aske

Fredag 25. september 2020 vert ståande som ein merkedag i Sandane golfklubb si historie. Etter fleire tusen dugnadstimar kunne styret endeleg ønskje velkomen til offisiell opning av klubbhuset.  

Oddbjørn Vee ønskte dei frammøtte velkomen, før han på karakteristisk vis minna om at spritflaskene som var plassert rundt omkring var til utvortes bruk. Grunna smittevern måtte ein avgrense kor mange som kunne kome på opninga, så det var berre sponsorar og andre samarbeidspartnerar som fikk invitasjon.

Styreleiar Harald Buene held tale. Til venstre Nils Heggheim, baneeigar Didrik Eide, Nyfrid Eide og Svein Buene.

Oddbjørn Vee slapp deretter til Harald Buene, som har vore leiar i golfklubben i over 16 år. Buene nytta anledninga til å takke alle som på ulike vis har bidrege for å gjere dette fantastiske klubbhuset til ein realitet. Han fortalte deretter litt om vegen frå idé til realisering.  

Styret i Sandane golfklubb. Frå venstre: Karl Erik Utheim, Sølvi Utheim, Kjell Jacobsen, Tore Støylen, Didrik Eide, Margunn Evebø, Anita Helgheim, Oddbjørn Vee, Geir Magne Evebø og Harald Buene.

Alle i styret fikk velfortent skryt, men Buene trakk spesielt fram Tore Støylen, Kjell Jacobsen og baneeigar Didrik Eide. Desse har til saman tre tusen dugnadstimar!

Kultursjef Liv Jorun Andenes gratulerer. I bakgrunnen Tore Støylen, Karl Erik Utheim, Didrik Eide, Kjell Jacobsen og Harald Buene.

Kultursjef i Gloppen kommune Liv Jorun Andenes, gratulerte på vegner av kommunen med dette fantastiske anlegget.

Atle Skrede held tale før snorklippinga.

Seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune Atle Skrede fikk æra av å klippe snora. I talen trakk han spesielt fram glopparane si dugnadsånd, som han meinte måtte vere heilt på topp på landsbasis.

Etter opninga fikk dei frammøtte omvising i og rundt klubbhuset, som mellom anna har golfsimulator og selskapslokale med utsikt mot Eidsfossen, Gloppenelva og Ryssdalshornet. Desse selskapslokala var allereie forrige helg booka til konfirmasjon.

Margunn Evebø og Tore Støylen har vore heilt avgjerane i prosessen med å realisere klubbhuset. Her blir førstnemnde intervjua av Inger Haldis Aske i frå Firda Tidend.

Takk til alle som har lagt ned ein fenomenal innsats for å gjere klubbhuset til ein realitet! Vi ønskjer samtidig alle velkomen innom vårt flotte klubbhus!

Primary Sidebar







Logo Systemintegrering AS

Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS