• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
Oppdatert leaderboard for Matchplay 2018 – Nils Egil Moritsgård i leiinga

Oppdatert leaderboard for Matchplay 2018 – Nils Egil Moritsgård i leiinga

Publisert 20. juli 2018 av Bjørnar Aske

Her kjem oppdatert leaderboard per 19. juli. Leiar i turneringskomiteen Margunn Evebø, minner samtidig om at fristen nærmar seg og oppmodar dei som har fleire matcher igjen til å utnytte finværet.

Som alltid gjev ein siger 3 poeng, uavgjort 1 poeng og tap 0 poeng. I tillegg reknar vi «målforskjell», basert på kor mange hol ein tapar eller vinn. Om du til dømes vinn ein match med 3 hol og tapar neste match med 2 hol, har du ein samla«målforskjell» på +1.

Så langt ligg Nils Egil Moritsgård i leiinga med 10 poeng, etter å ha spelt 4 kampar. Desse har resultert i 3 sigrar og 1 uavgjort. Ein av desse sigrane kom mot underteikna, der Nils Egil knapt hadde eit feilslag på heile runda. På leaderboarden har Nils Egil så langt vunne suverent flest hol, som vitnar om at matchane ikkje har vore jamnspelte. Han har no berre ein kamp igjen og seglar opp som ein storfavoritt til å vinne turneringa.

På delt andreplass finn vi Nyfrid Eide, Karl Erik Utheim og Martin Hamre, som alle har 7 poeng. Både Nyfrid og Karl Erik har spelt 3 matcher, som har resultert i 2 sigrar og 1 uavgjort. Martin har spelt 4 matcher, som har resultert i 2 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap. Like bak desse tre kjem fem spelarar på delt tredjeplass med 6 poeng. Deretter er resultatlista meir spredt nedover. Klikk på linken nedanfor for å sjå den foreløpige resultatlista.

Leaderboard per 19.07.2018 (PDF)

Primary Sidebar







Logo Systemintegrering AS

Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS