Då er innleiande runde i Grendacupen ferdig. 12 lag har vore i aksjon, totalt 48 spelarar. Av ulike grunnar, vart desverre ikkje alle laga ferdige innan fristen. Vi vel likevel å avslutte, slik at vi får starta sluttspelet.
Aktuelt
Resultat Sommarturnering 2, Runde 4
Finn Kristian Elvebakk tok sigeren i herreklassa, i dagens runde i Sommarturneringa, med sterke 25 slag, 7 under par. Anne Neteland Andenæs vann dameklassa med 30 slag, 2 under par og Vegard Søren Holen Eimhjellen vann juniorklassa med 36 slag, 4 over par. Gratulerer!
Klubbmeisterskap 2022
Klubbmeisterskapet 2022 vert arrangert lørdag 30.juli kl 13.00.
Sommarturnering 2, Runde 4, onsdag 27.juli kl 18.00
Onsdag 27.juli kl 18.00 er det 4.runde i Sommarturnering 2. Sjekk Order of merit for samanlagt resultat hittil.
Resultat Big 18
34 spelarar stilte til start i dagens parturnering. Sjølv om det vart litt skiftande vær og litt tekniske utfordingar med scoreinntastinga, kom alle i mål til slutt:) Magnus og Geir Magne Evebø vant overlegent, med fantastiske 49 poeng. Det er 13 poeng over par og var 6 poeng foran nummer 2, Per Ove Fossheim og Martin Hamre. Nummer 3 vart Eivind Evebø og Johan Lothe. Gratulerer!!
Big 18 turnering Søndag 24.juli kl 14.00
Søndag kl 14.00 er det ny turnering. Værmeldingane ser bra ut, så alt er duka for nok ein flott dag på golfbana. Turneringsformat er ei Texas scamble over 18 hol, der man går dei første 9 hola frå gul tee og dei siste 9 hola frå raud tee. (Damer går alle frå raud tee)