Onsdag 10.august kl 18.00 er det 6.runde i Sommarturnering 2. Påmelding i golfbox og korleis det ser ut samanlagt, ligg nederst. Husk at det er dei 5 beste rundene som tel, så det er forsatt mulig å klyve på resultatlistene.
Aktuelt
Resultat International Pairs
10 lag stilte til start i klubbkvalifiseringa til International Pairs. Vinnarar vart Finn Kristian Elvebakk og Styrk Andenes, med 45 poeng. 2.plass gjekk til Oddbjørn Vee og Per Helge Evebø, med 44 poeng og 3.plass gjekk til Mads Wie og Gudmund Wie, med 44 poeng. Finn Kristian og Styrk kan glede seg til landsfinalen på Miklagard golfbane den 10.september. Vi gratulerer og kryssar fingrane for at våre spelarar, gjer det så bra, at dei går vidare til verdensfinalen i Spania.
International Pairs turnering søndag 7.august kl 14.00
Søndag 7.august vert turneringa International Pairs arrangert på Sandane. Dette er ei parturnering. Speleform er Fourball, Bestball Stableford. Begge spelarane spelar i koppen og beste score er teljande. Alle medlemmer kan delta, men alle som har klubbhcp over 36, vert justert til 36 i hcp. Turneringa vert i tillegg spelt med 3/4 hcp. Pga av at det vert arrangert verdensfinale, må ein av lagmedlemmane være over 18 år.
Resultat Sommarturnering 2, Runde 5
Dagens turnering vart spelt av 13 spelarar. Anne Neteland Andenæs vann dameklassa, med 34 slag. Martin Hamre vann herreklassa, med 32 slag. Gratulerer!
Sommarturnering 2, Runde 5 onsdag 3.aug kl 18.00
Onsdag 3.august kl 18.00, er det 5.runde i Sommarturnering 2. Værmeldingane er ikkje så veldig bra, men vi håpar på eit lite opphald i nedbøren, når turneringa startar;-)
Resultat Grendacupen
Då er innleiande runde i Grendacupen ferdig. 12 lag har vore i aksjon, totalt 48 spelarar. Av ulike grunnar, vart desverre ikkje alle laga ferdige innan fristen. Vi vel likevel å avslutte, slik at vi får starta sluttspelet.