8 spelarar deltok på turneringa i dag. Dorthea Unnachat Evebø vann med imponerande 50 poeng! Nils Reinhardt Heggheim tok andreplassen, med 34p. På tredjeplass kom Geir Magne Evebø, med 34p.
Aktuelt
Turnering søndag 10.september kl 14.00
Søndag 10.september kl 14.00, er det ny turnering. Speleform er Stabelford 100% hcp. Du kan velge mellom 9 eller 18 hol.
Resultat frå 10.runde i Sommarturneringa
18 spelarar deltok på den siste runda i Sommarturnering 2 i dag. Dorthea Unnachat Evebø vann Juniorklassa, med 41 slag. Dameklassa vart vunne av Supannee Støylen, med 31 slag. Andreplassen gjekk til Anne Neteland Andenæs, med 40 slag og Anita Helgheim fekk tredjeplassen, med 41 slag. Herreklassa vart vunne av Bjørnar Aske, med 30 slag. Andreplassen gjekk til Gudmund Åge Wie, med 30 slag og Oddbjørn Vee tok tredjeplassen, med 31 slag.
10.runde i Sommarturneringa, Onsdag 6.september kl 18.00
Onsdag 6.september kl 18.00, er det den aller siste runda i Sommarturnering 2. I nokre av klassane, er det fortsatt, sjanse for å både vinne og å komme langt opp på lista!
Grendacupen 2023
Laga frå Ytre Sørsiden og Kleivedammen 1 møtte kvarandre i finalen i Grendacupen. Det vart spelt ein match på fredag og ein match i dag. Kleivedammen vann matchen på fredag, med 2 opp. Dermed vart det spennande i dagens match. Før hol 9 leia Ytre Sørsiden, med 1 opp og kunne få omspel, hol for hol. Men Kleviedammen 1 klarte å stå imot. Ytre Sørsiden vann dagens match med 1 opp.
Resultat frå Flaggturnering 3.september
8 spelarar deltok på dagens Flaggturnering. Best av alle vart Supannee Støylen, som kom 20cm frå hol 20. Andreplassen gjekk til Herman Solheim, som kom 20cm frå hol 18. Gudmund Åge Wie kom på tredjeplass, 1,5m frå hol 17.