Aldri før har det vore samla så mange damer på golfbana. 15 jenter og damer møtte til første kvelden med damegolf.
Aktuelt
Dame og jentekveld førstkomande mandag 10. mai kl 18.00
Damekomiteen vil invitere til dame/jentekveld på golfbana førstkomande mandag 10. mai kl 18. Då vert det høve til å gå nokre hol på bana, øve litt på drivingrangen, med eller utan veiledning og skravle litt over ein kopp kaffi. Harald Buene kjem og instruerer dei som ønskjer det og ellers gjer vi som vi vil og tek det som det kjem. Vi vil gjerne vite kva de ønskjer at vi skal bruke desse kveldane til.
Hol 9 er under arbeid – par 3 med nytt utslag og ny indeks
I samsvar med virksomhetsplanen har ein begynt på arbeidet med å heve fairway på hol 9.
Snøkaos førte til improvisert golfkurs
I ettermiddag var det arrangert Vegen til golf. Med snø på bana og drivingrangen, kunne nok oppstarten av kurset vore utsett, men kursdeltakarane fikk gleda av å høyre styreleiar og kursansvarleg Harald Buene dosere om golfsporten, skotøy og golfkøller.
Flyby for kvart hol
No kan du sjå ein flyby på kvart hol på bana. Even Skeide brukte drone og VR-briller for å lage videoane, som syner kvart hol på Sandane golfklubb frå lufta. Han har også lagt inn banekartet på videoane, så du kan følgje det samtidig som du får sjå holet frå lufta.
Turneringssesongen startar 02. april kl 14.00
Då har turneringskomiteen sett opp dei første turneringane for i år og dei ligg klar i Golfbox for påmelding.