21. mai vart det arrangert Pink Cup på Sandane. Pink Cup er eit samarbeid mellom Kreftforeningen, norske golfklubbar og Norges golfforbund (NGF), der inntektene frå turneringa og andre aktivitetar er øyremerka brystkreftsaka.
Aktuelt
Ny nettside
Sandane golfklubb har fått ny nettside. Den nye nettsida er basert på WordPress, som ei av verdas mest populære publiseringssystem (CMS) med over 60 millionar nettsider. WordPress er kjent for å vere eit svært brukarvennleg publiseringssystem. Det blir tatt godt i mot av fleire av styremedlemmane, som opplevde det forrige publiseringssystemet som svært tungvint.
Flott dugnadsinnsats
Det er mange medlemmer i golfklubben som lagt ned svært mange dugnadstimar og som fortener ein medalje for innsatsen. Er det likevel lov å sei at nokon også har gjort seg fortent til ein gullmedalje?
Hugs påmelding til matchplay innan 15. mai
Etter god respons dei siste åra, vert det matchplay også i år. Det vert konkurrert i ei klasse og det vert spelt maks 5 kampar i innleiande runde.
Ny logo til golfklubben
Golfklubben har fått ny logo. Den nye logoen er designa av Bjørnar Aske i Innholdspartner AS.
Ønskjer forslag frå medlemmane
Styret ønskjer forslag frå medlemmane på korleis vi kan få inntekter til drift av klubbhuset (ref. medlemsmøtet).