Klubbmeisterskapet 2024 er over og alle vinnarane er kåra. Paul Remi Kvandal vart Klubbmeister, etter at han spelte på solide 65 slag!
Det vert i tillegg kåra vinnarar i 6 klassar. I Guteklassa vart Håkon Bøe klubbmeister, med 73 slag. I Jenteklassa var det dessverre ingen deltakarar. Kari-Ann Krogh vart klubbmeister i Dame Senior klassa, med 97 slag. Kjell Martin Nyheim vart klubbmeister i Herrar Senior klassa, med 68 slag. Gunn Hoftuft vart klubbmeister i Dameklassa, med 83 slag. Paul Remi Kvandal vart klubbmeister i Herreklassa, med 65 slag.
Vi hadde også ei Stableford turnering, den vart vunne av Paul Remi Kvandal, med 47 poeng! Andreplassen gjekk til Elias Onstad Takle, med 43 poeng og Simon Austrheim tok tredjeplassen med 42 poeng. Flotte poengsummar på alle tre!
Premieutdeling vert seinare og då skal vi legge ut bilder av alle klubbmeisterane.
42 spelarar deltok totalt.
Gratulerer til alle vinnarane!!