For første gang testar vi ut ei rein putteturnering i Sandane Golfklubb. Vi ynskjer at vi neste år skal arrangere Klubbmeisterskap i putting. Derfor har vi sett opp ei turnering no, slik at vi for prøvd ut korleis det fungerar på vår bane. Så dette vert ei førpremiere på klubbmeisterskapet 2025!
Vi har valgt ut 6 greenar. Det vert 3 avstandar/posisjonar på kvar green. Ein avstand på ca 2,5m, ein avstand på ca 5m og ein avstand på ca 12,5m. Då får vi totalt 18 gangar, ballen skal i holet, for kvar spelar. Spelaren tel antall slag den brukar på kvar avstand og noterar i livescore/golfbox.
Greenane som skal brukast er i rekkefølge: 4-3-2-7-8-9
Kvar green er merka opp slik: Avstand 1 – 1 pegg, Avstand 2 – 2 peggar, Avstand 3 – 3 peggar. Spelaren startar på pegg 1, så pegg 2, deretter pegg 3. Spelar med lavast hcp i flight startar, deretter vert det nytta honør. Det er ikkje lov til å lese puttelinja, ved å stå rett bak den som puttar. Ballen vert plassert i eit køllegreps avstand frå peggen og skal i koppen før neste spelar startar.
Øvingsgreen ved klubbhuset kan brukast til oppvarming. 10 min før «teetime» kan green på hol 1 brukast til øvingsgreen. Spelarane kan ikkje gå på første green før den er ledig.
Alle stiller i samme klasse.
Dersom det vert likt resultat etter 18 hol, vert det omspel i omvendt banerekkefølgje, 9 – 8 – 7 – 2 – 3 – 4.
Velkommen til premiere!!