• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
Rekordstor innsamling under Pink Cup

Rekordstor innsamling under Pink Cup

Publisert 23. mai 2018 av Bjørnar Aske

21. mai vart det arrangert Pink Cup på Sandane. Pink Cup er eit samarbeid mellom Kreftforeningen, norske golfklubbar og Norges golfforbund (NGF), der inntektene frå turneringa og andre aktivitetar er øyremerka brystkreftsaka.

Dette vart ein dag for rekordar av det gode slaget. Været var truleg det finaste som har vore under Pink Cup på Sandane, samtidig som arrangørane gjorde ein kjempeinnsats! Det resulterte i rekordmange deltakarar og ei rekordstor innsamling på over 17.000 kroner!

Kvart flagg på bana var pynta med rosa ballongar og iskalde Olden-flasker låg på is i ei rosa trillebår. Supannee Støylen og Anita Helgheim var kledd i rosa frå topp til tå, som seg hør og bør når det arrangerast Pink Cup. Sistnemnde hadde lånt ut golfsettet sitt til Sølvi Utheim denne dagen. Vi håpar ho får golfsettet sitt snart tilbake, sjølv om Sølvi slo uvanleg mange gode slag denne 9-holsrunda …

Det var ikkje berre turneringsavgifta som gav inntekter denne dagen. Styreleiar Harald Buene hadde innført ei parkeringsavgift på 20 kroner for dagen og arrangørane selde store mengder brus, vaflar, pølse i brød og anna godt.

Sjølve golfrunda var også inntektsgjevande. Her kunne deltakarane betale seg ut av trøbbel eller kjøpe seg fordelar. For dei som slo golfballen ut i beitet frå utslaget på hol 1, var det nok eit røvarkjøp å kunne plassere ballen på fairway for berre 10 kroner. Og i staden for å måtte slå eit risikofullt utslag heilt opp til greenen på hol 5, kunne ein betale seg opp til ei dropsone like ved greenen for 30 kroner. For mange resulterte det i eit sjeldan par på hol 5.

Evebø-familien opptok halvparten av pallen på årets Pink Cup. Eivind Evebø var heime frå lærarstudiane i Sogndal for å delta saman med Jens Inge Bakketun, som har vore stipendiat på golflinja ved Sunnmøre Folkehøgskule dette året. Spørs om det blir like mykje golf på Jens Inge i Trondheim til hausten? Kameratane kom på 2. plass i år, like framfor far og bror til Eivind som tok 3. plassen.

Vinnarane av turneringa vart:
1. plass: Karl Erik Utheim og Sebastian Eikenes, som vann eit gåvekort frå Amporn Thaimat Catering på 400 kroner kvar.
2. plass: Eivind Evebø og Jens Inge Bakketun, som vann eit gåvekort frå Ellinors Hudpleie på 250 kroner kvar.
3. plass: Geir Magne Evebø og Magnus Evebø, som vann gåvepose frå Chatlet med diverse innhald.

Juniorane gjorde det også bra. På hol 6 vann Dorthea Unnachat Evebø ein konkurranse om å slå ut beinast, det vil seie nærast ei kvit linje som var lagt ut i midten av fairwayen. Vinnar av closest to pin på hol 8 vart Markus Utheim, som var berre 1,13 meter frå flagget. Det lovar bra for framtida i Sandane golfklubb når juniorane våre dankar ut alle dei vaksne.

I tillegg til desse konkurransane hadde vi ein bildekonkurranse der deltakarane kunne vinne ein flott premie om dei la ut sitt blinkskot på Facebook-sida til golfklubben. Vinnar av bildekonkurransen frå Pink Cup vart Ola Steinar med dette flotte bildet frå greenen på hol 2. Ein noko tynnhåra Ola Steinar var naturlegvis strålande fornøgd med premien, som besto av sjampo og balsam frå Luggen Frisør …

Stor takk til alle som var med på å gjere dette til tidenes beste Pink Cup på Sandane! Her må vi også takke Pikant Frisør, Luggen Frisør, Mona Lisa, Synsam, Hansa, Fargerike Sandane, Nille og Coop Extra som sponsa arrangementet. Tusen takk!

Primary Sidebar




Logo Systemintegrering AS




Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS