• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Test
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Resultat Eit Slag Mot Kreft

Publisert 12. juni 2023 av Martin Hamre

Alt låg til rette for at det skulle bli ein flott dag på golfbana vår. Sol, blå himmel, høg temperatur og mykje folk. 22 lag var påmeldt på turneringa, der alle inntektene går til kreftsaka. Det var stort engasjement både på tippekonkurransen og puttekonkurransen. Kiosken selde ut det meste av både kaker og vårrullar.

Turneringa var litt utan om det vanlege. Her kunne ein kjøpe seg ut av trøbbel. Det ser ut som, at det var ein del av, nettopp det:) Pengane sat laust hjå nokre. Det var også lagt inn nokre delkonkurransar som Closest to Pin og Longest Drive.

Rolf Sandøy Os og Kjell Nyheim stakk av med seieren i turneringa, med 26p. Andreplassen gjekk til Nicholas Scott Delashmutt og Bjørnar Aske, med 25p og tredjeplassen gjekk til Kjell Baadstø og Oddbjørn Vee, med 24p.

Kjell Nyheim vann Closest to Pin på hol 8 med 7 fot.

Lars Petter Støylen vann Longest Drive på hol 6.

Tippekonkurransen vart vunne av Janne Iren Kjørvik, 125 ballar – rett svar var 133

Gratulerer til alle!

Tusen takk til alle som deltok og ikkje minst tusen takk til dame-komiteen og kiosk-komiteen for gode kaker/vårrullar og ikkje minst hjelp til gjennomføring.

Totalt innsamla beløp, er pr no, kr 16010,-

Link til resultat

Alle vinnarane
Oppmøte turnering
Oppmøte turnering
Oppmøte turnering
Styrk stiller alltid på med kiosk
Puttekonkurransen. Her var det mykje engasjement

Primary Sidebar

Logo Systemintegrering AS







Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS