23 spelarar stilte til start i parturneringa i dag, i eit nydeleg vær. Turneringsformatet var Fourball, der dei to beste scorane talde. Ungdommane knuste alle i dag, dei gjekk på -6 slag. På laget var Halvor Tennebø, Albert Unnachat Evebø og Håkon Bøe. Halvor har nettopp fullført VTG kurs, så dette var veldig kjekt! Totalt fekk dei ein score på 58 slag. Andreplassen gjekk til Svein Inge Arnestad og Daniel Hjohlman Reed, med 63 slag. Tredjeplass gjekk til Gunn Hoftuft og Paul Remi Kvandal, med 65 slag.
Gratulerer!