• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Test
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Resultat frå Lag NM 2 divisjon, på Fana golfklubb

Publisert 24. juli 2023 av Martin Hamre

Denne helga vart det arrangert Lag NM i 2 divisjon på Fana golfklubb. Vinnarlaget kvalifiserar seg til 1 divisjon neste år. Laga kom frå Vestlandet, heilt frå Sandnes i sør til Sandane i nord. Totalt 16 lag deltok. Sandane golfklubb sendte for første gang eit herrelag med fire spelarar.

Eivind, Martin, Jens Christian og Per Ove

Fredag var det innspel på bana. Spelarane våre fekk spelt gjennom alle 18 hola og deretter bestemte vi oss for kven som skulle gå i par. Utslag frå Tee 51, med ein del lange utslag over vatn, vart litt utfordrande for nokon av oss. Jens Christian vart einstemmig valg som kaptein og måtte møte på kapteinsmøte samme kveld.

Lørdag starta vi med Foursome 18 hol. Kvart par spelar annakvar utslag og annakvar ball til den er i koppen. Etter ein liten pause, var det klart for Fourball 18 hol. Begge i paret spelar sin eigen ball i koppen og paret fører beste score.

Resultat Foursome:

Eivind og Per Ove 110 slag

Martin og Jens Christian 88 slag

Resultat Fourball:

Eivind og Per Ove 77 slag

Martin og Jens Christian 72 slag

Etter 1 og 2 runde låg vi på ein 15.plass.

Søndag var det singelrundar, der dei tre beste scorane telte i samanlagt resultat. Her var målet, at alle skulle i koppen på alle hol og at vi minst skulle halde eit lag, bak oss på tabellen.

Resultat singel:

Eivind 78 slag

Jens Christian 81

Martin 100

Per Ove 114

Målet vårt vart nådd! Alle gjennomførte og vi klatra opp ein plass på tabellen. Gode tips, gode samtalar, framsnakking og oppbacking av kvarandre er stikkord som var viktig og hjalp godt for singelrundane.

Alle fire var godt nøgde totalt sett og ser på det som, både lærerikt og ei kjekk oppleving. Vi håpar at Sandane golfklubb vil sende lag til NM neste år også.

Sandane golfklubb ynskjer å gratulere Sunnfjord golfklubb, med ein sterk seier i lag NM på Fana! Vi er imponert, over at eit så ungt lag, kan hevde seg med eit så godt resultat i senior NM!

Link til resultat

Primary Sidebar





Logo Systemintegrering AS



Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS