26 spelarar deltok på den første putteturneringa i Sandane Golfklubb! Eit fantastisk vær satte standarden for ei kjekk turneringsform, som var spennande frå start til slutt. Denne turneringa dannar grunnlaget for eit mogleg klubbmeisterskap i putting neste år. Det var også mange gode tilbakemeldingar etter turneringa var slutt:-)
Etter 18 hol måtte det til omspel, om første, andreplass og tredjeplass. Førsteplassen vart avgjort etter tre hol med omspel. Bjørnar Aske tok sigeren og Per Ove Fossheim tok andreplassen. Tre spelarar var i omspel om tredjeplassen, her var det Mads Wie som stakk av med sigeren, etter eit hol.
Gratulerer!