27 spelarar deltok på dagens turnering. 9 hol vart vunne av Otto Ose, med 28 slag. Andreplassen gjekk til Tore Støylen, med 30 slag og Aslaug Nesje Bjørlo tok tredjeplassen med 30 slag. 18 hol vart vunne av Andreas Bjørkum Vereide, med 63 slag. Andreplassen gjekk til Martin Hamre, med 64 slag og Svein Inge Arnestad tok tredjeplassen med 64 slag.
Gratulerer!
18 hol turneringa var også ei kvalifisering til Lag-NM. Resultatlista vart gjort om, slik at det vart ei rein slagturnering utan hcp.
Sidan det ikkje var nok deltakarar i Junior- og Dameklassa, stiller vi kun med lag i Herreklassa.
Dei kvalifiserte er Eivind Evebø, Jens Christian Andenæs, Martin Hamre, Per Ove Fossheim og Geir Magne Evebø.
Gratulerer!