• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
  • Skip to primary sidebar
  • Skip to footer
Sandane golfklubb

Sandane golfklubb

Velkomen til Sandane

  • Framside
  • Bana
    • Baneguide
    • Flyby hol for hol
    • Slopetabell
    • Lokale reglar
    • Greenfee og prisar
  • Simulator
  • Klubben
    • Veien til golf
    • Bli medlem
    • Damegolf
    • Styret i klubben
    • Komitear
    • Grasrotandelen
    • Hole in one
    • Følg oss på Facebook
  • Turneringar
    • Terminliste
  • Klubbhus
    • Bildegalleri frå bygging av klubbhus
    • Leige av selskapslokale
  • Aktuelt
  • Kontakt oss

Rolf Hodne med siger i B-klassa på Meland

Publisert 22. juni 2019 av Margunn Evebø

Det vart i dag skrive eit nytt flott kapittel i historia til Sandane Golfklubb. Sandane Golfklubb markerte seg virkelig i dagens Karsten Solheim memorial-turnering på Meland Golfklubb nord for Bergen. Klubben kom i fokus på fleire måtar. Det er litt stas når arrangøren gjorde eit poeng i at Sandane Golfklubb hadde hatt lokal turnering der førstepremien var dekka tur til årets turnering.

Som om ikkje dette var nok, fekk vi også ein vinnar frå klubben. Rolf Hodne smelte til med 37 poeng i B-klassa. Fra et rikholdig Ping-gavebord, fekk Rolf med seg den nye regntette bagen fra sponsoren Ping. Som mange kanskje har fått med seg, har vår nye golfkomet Viktor Hovland nett signert for akkurat Ping.

Tilstades under dagens turnering var Allan Solheim. Dette er sonen til grunnleggaren av Ping, Karsten Solheim. For Solheim-familien står Meland Golfklubb dei ekstra nær, då Karsten er fødd og oppvokst i området. I tillegg til å starte opp golfmerket Ping er også Karsten Solheim kjend for å vere grunnleggar av Solheim Cup. Solheim Cup er for dei som ikkje veit det dei beste Europeiske damene i kamp mot dei beste fra USA.

Det var virkelig ein stor prestasjon fra Rolf i dag i tøffe vindforhold. Sandane golfklubb gratulerer! Vi kjem seinare med link til golfbox med resultat frå turneringa.

Primary Sidebar

Logo Systemintegrering AS







Footer

GolfboxGløymt passord?

Støtt oss med din grasrotandel

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 7 % av innsatsen gå direkte til din grasrotmottakar. Du kan bli grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: hjå kommisjonæren, på Norsk Tipping sine nettsider eller ved å sende SMS med «Grasrotandelen 993603015» til 60000.

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.

Sandane golfklubb

Eidsvegen 68, 6823 Sandane
Vegbeskriving frå Sandane
(+47) 90742783
Send oss ein e-post
Følg oss på FacebookKontonr. 3705.04.72044
Org.nr. NO 993603015 MVA
Vil du bli sponsor?

Opphavsrett © 2023 Sandane golfklubb · Design og utvikling: Innholdspartner AS