Etter at Nils Egil, Karl Erik, Oddbjørn og Didrik onsdag fekk flytta all villmarkspanelen under tak er vi no er godt i gong med beising. Onsdag og torsdag var Sølvi, Finn Kristian, Kjell B, Jan Arve og Oddbjørn i sving med beising og i dag er det Martin, Finn Kristian og Oddbjørn som startar dagen med dugnad. Med dette tempoet er det ikkje mange dagar før vi er ferdige med denne jobben. På same tid er Kjell og Karl Erik i sving med arbeid i kjellaren.
Måndag og tysdag nytta vi finværet til lufting av greenane. Det er ein del arbeid med dette. Men med strålande innsats frå meir enn 10 personar vart vi ferdige med arbeidet tysdag kveld. Arbeidet vi no har starta er viktig for å heve kvaliteten på greenane ytterlegare. Difor håpar vi at dei som spelar no viser forståing for at forholda kortvarig blir redusert.
Det vert vist utruleg fin velvilje frå medlemmane for å få dette til. Dugnadsånden lever godt i Sandane Golfklubb.