Då har turneringskomiteen sett opp dei første turneringane for i år og dei ligg klar i Golfbox for påmelding.
Vi startar med Kyllingen langfredag 02. april med slagturnering med 100% hcp 9 eller 18 hol start kl 14.00
Det blir og påsketurnering mandag 2. påskedag (05.04) også dette slagturnering 9 eller 18 hol. Start kl 14.
Vidare har vi sett opp turneringar kvar søndag ut april og Rustsvingen er sett til laurdag 01.05. Dette er ei texas scrambleturnering over 9 hol. Grunnen til at vi ikkje tek Rustsvingen før denne datoen er at vi då håpar at vi kan ha ei sosial samling på klubbhuset etter turneringa. Dette veit ikkje før litt ut i april. Om gjeldande restriksjonar fortset utover i april kan Rustsvingen bli framskunda til ein søndag i april.
Vi håpar de er flinke å bruke golfbox for påmelding til turneringane våre i god tid då dette gjer arbeidet lettare for turneringskomiteen. Om de manglar/har gløymt passord ta kontakt med Margunn på mobil 982 48102