Tusen takk til alle som stilte på i dag, på Eit Slag Mot Kreft! Hittil har vi samla inn over 14.000,- til kreftsaka!
40 spelarar deltok på sjølve turneringa. Juniorane Markus Utheim, Jens Ole Mardal Aske og Elias Onstad Takle vann med 23 poeng. Andreplassen gjekk til Nils Egil Moritsgård og Oddbjørn Vee, med 22 poeng. Heidi Fure Klausen og Didrik Eide tok tredjeplassen med 22 poeng.
Kjetil Klakegg vann Longest drive på hol 6 og Margunn Evebø vann Closest to pin på hol 8
Nora Unnachat Evebø tippa nærmast, på antall ballar i tippekonkurransen, 105 ballar. Rett svar var 102.
Gratulerer til alle vinnarane!
Tusen takk til sponsorane Diplomis, Coca Cola, Sparebanken Sogn og Fjordane, Extra Sandane og Best Sandane for flotte premiar.
Til slutt, tusen hjarteleg takk til alle som stilte på dugnad i dag, utan dei hadde vi ikkje klart å gjennomføre eit slikt arrangement!!