Volvo-Frydenbø turneringa er utsett til 14. juni kl. 15.00. Vi oppmodar alle til å støtte opp om denne tradisjonsrike turneringa. Påmelding i Golfbox. Turneringsformatet er stableford over 18 hol.
7. juni skulle vi etter planen arrangere vår årlige Volvo Frydenbø-turnering. Denne turneringa vert utsett til neste helg, altså søndag 14. juni kl. 15. Det blir sett opp valfri 9 eller 18 hols-turnering som plaster på såret denne helga.
Ein av grunnane til at vi ynskjer å flytte denne turneringa, er at vi ynskje å bruke neste helg til å profilere vår gode hovudsponsor, Frydenbø Bilsenter på Sandane. Laurdag og søndag vil det stå bilar til utstilling ved golfbana.
Vi arrangerer open dag laurdag 13. juni frå kl. 13-17. Då kan alle få gjeste anlegget vårt. Vi tilbyr gratis ballar for bruk på drivingrange, vi kan bistå med instruksjon og rettleiing til dei som ynskjer det, og er du svolten så tilbyr vi gratis vafle og kaffi. Drikk du ikkje kaffi, er det mulig å få kjøpe brus og sjokolade. Likar du flotte bilar, er det også mulig å sjå kva Frydenbø Sandane kan tilby.
Og som sagt avrundar vi helga med 18 hols Volvo-turnering søndag kl. 15. Dei to beste i denne turneringa får tilbod om å reise til Karsten Memorial- turnering på Meland Golfklubb i starten av august! Påmeldingsavgift og leiebil til turneringa er sponsa av Frydenbø Sandane. Skulle vinnarane ikkje ynskje å reise på dette, stiller sponsoren med alternative premiar. Påmeldigsavgift for turneringa er kr 200,-
Sandane golfklubb er glade for å ha ein trufast og god støttespelar i Frydenbø Bilsenter på Sandane. Vi håpar både lokalbefolkning og medlemmane også set pris på dei, og viser det ved å besøke oss både på open dag laurdag, og til turnering på søndag. Turneringa er open for alle som har medlemskap i Norges Golfforbund.
PS! Det er meldt kjempevær neste helg! Vel møtt!